MATEMATIKKEN SIN DAG
1. februar 2010
Torsdag, 28.01, markerte småskulen MATEMATIKKEN SIN DAG. Elevane jobba i grupper, på tvers av trinna i husa, HUS 1 og HUS 2. Aktivitetane var mange, så her var det mykje å vera med på og mykje å læra.
VINTERBILETE
31. januar 2010FLOTT DAG PÅ FJELLET
25. januar 2010
Torsdag, 14. januar, var 3. og 4. trinnet frå småskulen og heile storskulen på fjellet. Det blei ein flott dag med sol frå klår himmel og temperatur rundt null grader. Elevane kunne velja mellom ulike aktivitetar som, tur til Steinen, rundtur eller rundturar i lysløypa og ski og akeaktivitetar ved Lunderstøl. Lærarane laga bål. Her kunne ein varma seg eller grilla om ein ville. Alle storkosa seg i det fine veret.
FELLES SKI- OG AKEDAG FOR 1. OG 2. TRINNET.
24. januar 2010KUNST OG HANDVERK I SNØEN.
14. januar 2010VELLYKKA BALLONGFERD
11. januar 20106. trinnet har nytta det fine kalde veret til å laga varmluftsballongar.
Nokre brann diverre opp før dei tok skikkeleg av, medan andre letta fint og for langt av garde. Me sette faktisk ny “Tjødnaliorekord”. Ein av ballongane fauk frå ballbingen og heilt til ein tretopp ved Nestjødno
Les meir »
GOD JUL OG GODT NYTT ÅR
18. desember 20093640 KRONER TIL FRELSESARMEEN
18. desember 2009Elevane i småskulen har i adventskalender i år som i fjor, valt å gi i plassen for å få. Dei har valt å samla inn pengar til Frelsesarmeen. Den som er blitt trekt, har gjort ein jobb heime som foreldra har betalt ein symbolsk sum for. Til saman fekk dei inn 3640 kroner.
8 elevar på tvers av 1. til 4. trinnet reiste torsdag, 17. desember, inn til Leirvik for å levera pengane i Frelsesarmeen si julegryte.
FLOTT UTSTILLING PÅ 6. TRINNET
18. desember 2009
6. trinnet har jobba med leira i haust. Dei har lært pølseteknikk, plateteknikk og rulleteknikk. Dei har laga vasar og skåler. I tillegg har dei laga leiker i tre og julepynt. Les meir »



1. og 2. trinnet hadde onsdag, 13. januar, felles ski- og akedag i nærområdet ved skulen. Dei som ville aka, valte å vera i bakkane utanfor skulen. Skientusiastane gjekk på ski ned til Nestjødno. I ei rundløypa på isen, fekk dei prøva seg på langrenn .







